Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møremusikarane

Bestill

Møremusikarordninga skal sikre profesjonelle musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og deira verksemd. I tillegg kan fylket engasjere andre profesjonelle frilansmusikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket. Møremusikartenestene er subsidiert.

Møremusikarane kan brukast til instruksjonsoppdrag, alle type konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søkje om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Kulturinstitusjonar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Prisgruppe 1 - Fritidskulturlivet 

Timevis bruk av musikarar kr 325,- pr time
Samarbeidskonsert med eiga avdeling kr. 1.755,- pr. musikar
Sjølvstendig konsertar kr. 2.320,- pr. musikar

Prisgruppe 2 - Brukarar med vesentlig anna offentleg støtte  
Timevis bruk av musikarar kr. 435,- pr. musikar
Samarbeidskonsert kr. 2.000,- pr. musikar
Sjølvstendig konsert kr. 2.700 pr musikar

Prisgruppe 3 - Næringslivet 
Timevis bruk av musikarar til sjølvkost.

Øvrig konsertverksemd 
Eigenandelen vert fastsett etter avtale med Seksjon for kulturformidling. Ta kontakt på moremusikarane@mrfylke.no.

Søknadsfrist: Frå 1.januar 2018 blir det innført faste søknadsfristar: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november.

Handsaming av søknadene vil ta 3 veker, som betyr at søkjar vil få svar innan 3 veker etter søknadsfristen. Søknaden må difor innehalde utfyllande informasjon om arrangementet, slik at informasjon i ein eventuell kontrakt til søkjar og musikar blir korrekt og kan bli ferdigstilt.

Når skal ein søkje?

I ein overgangsperiode er søknadsfristen 31.desember 2017 for arrangement som skal skje mellom 1.januar til 8.mars 2018. Ein må elles søkje til ein frist som garanterar vurdering innan oppstart av prosjektet. Døme: Søk innan 15.februar dersom konserten er 20.mai. 

Kontrakt

Når søknaden er innvilga, blir samarbeidet regulert av ein kontrakt mellom partane. Treng du meir informasjon set vi pris på om du tek kontakt med oss på moremusikarane@mrfylke.no.

Søknadsskjema Møremusikartenester
  1. For timevis bruk av musikarane, sett opp på prøve/konsertplan/timeplan med timetal.